Per Spelmann

Per spelmann han hadde ei einaste ku.
Per spelmann han hadde ei einaste ku.
Han bytte bort kua, fekk fela igjen!
Han bytte bort kua, fekk fela igjen!
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Per spelmann han spela, og fela ho let,
Per spelmann han spela, og fela ho let,
så gutane dansa og jentene gret,
så gutane dansa og jentene gret.
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Per Spelmann han spela, og fela var go’,
Per Spelmann han spela, og fela var go’,
så gutane dansa og jentene lo,
så gutane dansa og jentene lo.
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Og om eg vart gamal som stein under bru,
og om eg vart gamal som stein under bru,
Nei, aldri eg byter bort fela for ku,
nei, aldri eg byter bort fela for ku.
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Og om eg vart gamal som mose på tre,
og om eg vart gamal som mose på tre,
så aldri eg byter bort fela for fe,
så aldri eg byter bort fela for fe.
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Sa’n!

You may also like...