Nordmannen (Mellom bakkar og berg)

 

Tekst: Ivar Aasen     Melodi: L. M. Lindeman

DmMellom bakkar og Bberg utmed AhavDmet
heve Fnordmannen Cfenge sin Fheim,
der han Gmsjølv heve Dmtuftene Agrave
og sett Dmsjølv sine Gmhus Aoppå Dmdeim.

Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt.”

Han såg ut på det bårute havet,
der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken, den ville han sjå.

Fram på vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

Og når liene grønka som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.

You may also like...